Tirsdag 21. November 2017



Randi Thorland – toppscorar for Fitjar mot Nordre Fjell. Foto: Kjetil Rydland. 

Handballdamene slo botnlaget

Handballdamene til Fitjar sleit seg til ein eittmålssiger over botnalget Nordre Fjell på heimebane søndag ettermiddag.

 

Fitjar IL sine handballdamer har kome brukbart i gang med årets sesong i 5. divisjon. Mot botnlaget Nordre Fjell var det berre siger som galdt på heimebane søndag ettermiddag.


Helene Rimmereid mangla ikkje innsatsvilje, men ballen ville ikkje gå i mål. Foto: Kjetil Rydland.


Første omgang blei jamn, og enda 10-10. Etter pause skulle det bli omtrent like jamt, men det såg veldig stygt ut for Fitjar etter knapt tre minutt. Fitjar blei brått redusert til tre (!) utespelarar etter at trenar Trond Arnevik protesterte mot dommarane. Heldigvis starta Fitjar det dramatiske undertalsspelet med ei flott, målgivande kontring, og gjestene klarte aldri å rykkja meir enn to mål ifrå. 

 
Etter kvart overtok Fitjar initiativet, og var ei stund oppe i ei tremålsleiing. Men keeperen Hilde Martinussen Lønøy heldt Nordre Fjell inne i kampen med fleire gode redningar. Og ei kort stund var gjestene oppe i ei eittmålsleiing, før Fitjar igjen fekk overtaket, og sleit seg til ein eittmålssiger, 21-20.

 
På Fitjar viste backane Ingvild Rimmereid og Matine Fredlund godt igjen, med god innsats og gode initiativ. Det same gjorde Randi Thorland, som blei toppscorar med sju mål. 

Med dagens to poeng ligg Fitjar på femteplass i 5. divisjon med sine seks poeng. Neste sjanse til poeng kjem 3. desember, då møter dei topplaget Sund på heimebane i Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

Fitjar sitt lag mot Nordre Fjell (mål i parentes): Mariell Hervik Stølås (keeper), Hanne Arnevik (keeper), Randi Thorland (7), Martine Fredlund (3), Helene Rimmereid, Emilie Aaserud Hystad (5), Ingvild Rimmereid (4), Marte Lie Børve, Marianne Sørheim, Emma Spratt (2).

 


Keeper Hilde Martinussen Lønøy heldt på å avgjera kampen for Nordre Fjell. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Heim med tre pokalar

19.11.2017 Helga Rimmereid

Under ferjeturen heim kunne Fitjar skulekorps jubla over gode resultat under årets Sotrafestival. Foto: Helga Rimmereid Heim med tre pokalar Fitjar skulekorps kom heim med heile tre pokalar etter korpskonkurransen Sotrafestivalen, laurdag...

Les meir ...

Vintercupen – haustens vakraste eventyr!

18.11.2017 Kjetil Rydland

Flagget opp for Vintercupen i ruskavêret på kunstgrasbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Vintercupen – haustens vakraste eventyr! Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag har avvikla den 26. vintercupen sidan starten i 1992, og endeleg fekk...

Les meir ...

Sindre Henriksen på pallen

18.11.2017 Håkon C

Skjermdump frå NRK. Sindre Henriksen på pallen I den forrykande verdscup-en på skeiser i Stavanger i helga med utruleg sterk norsk dominans kom og Sindre Henriksen på pallen.

Les meir ...
annonse

Tradisjonsrik julemesse

18.11.2017 Håkon C

Tradisjonsrik julemesse Leiar i Fitjar Husflidslag har mykje fint å ønskje velkomen til i Fitjartun. Foto: Håkon C. Hartvedt Dei held på tradisjonane Fitjar Husflidslag. Difor vart det ingen store overraskingar å...

Les meir ...

Utstilling i barndommens bygd

18.11.2017 Håkon C

Bjørn Bjørlykke orienterer om bileta. Foto: Håkon C. Hartvedt Utstilling i barndommens bygd Bjørn Bjørlykke voks opp i Fitjar, og budde her til far hans som var prest i bygda, flytta i...

Les meir ...

Tøffe tak i vintercupen

18.11.2017 Kjetil Rydland

Ole Bergesen har frose mykje til ære for Fitjar-fotballen, men her kan han til si store glede sjå at det nærmar seg gull for Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland.  Tøffe tak i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fitjar kyrkje – eit landemerke!

19.11.2017 Kjetil Rydland

Biskop Halvor Nordhaug i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kyrkje – eit landemerke! Fitjarkyrkja hausta mykje rosande omtale under jubileumsgudstenesta søndag føremiddag, då biskop Halvor Nordhaug gjesta kyrkja saman med fleire...

Les meir ...
Lansering av Fitjar minne 2017 - Fitjar sogelag 23. november kl. 18
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no