Laurdag 24. Februar 2018


 

Kyrkjeverje Harald Rydland skriv om dette biletet: «Eg har lagt ved lenke til eit historisk bilde frå innsida av kyrkja. Legg merke til skiltet på veggen til høgre for preikestolen: «spyt ikke paa gulvet». Skiltet er teke ned, men me håpar kyrkjefolket som er til stades på jubileumsgudstenesta held seg til oppmodinga. 😊»

Fitjar kyrkje 150 år  

Førstkomande sundag skal sjølve jubileumsgudstenesta finna stad i samband med at Fitjar kyrkje er 150 år.  

– Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin, kjem til Fitjar for å preika. Prosten, dei noverande og fleire av prestane som tidlegare har gjort teneste i Fitjar, vert og med i gudstenesta, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

I pressemeldinga vert det vidare peika på at folket i Fitjar gjennom 2017 har feira kyrkja si gjennom eit omfattande og allsidig jubileumsprogram. Det har vorte laga jubileumsbok, gjort omfattande oppgradering av kyrkjebygget, bygd nytt flott orgel og gjennomført ei rekkje arrangement for store og små. 

1867
Det var søndag 24. november 1867 at det vart halde gudsteneste i eit heilt nytt kyrkjebygg i Fitjar. Den gamle steinkyrkja var då riven og brukt som grunnmur i den nye. Nyekyrkja hadde den gongen vel 700 sitjeplassar. Ei forskrift på den tida fastsette at ein tredjedel av innbyggjarane i soknet skulle få plass i kyrkja på samme tid. 

 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...

Fjellsameiga ventar med vidare dyrking p…

21.02.2018 Kjetil Rydland

Her set Helga Rimmereid i Fitjar fjellsameige gravemaskinskuffa i den gode jorda på Blekjet, i byrjinga av oktober 2016. Foto: FP-arkiv/KR. Fjellsameiga ventar med vidare dyrking på Blekjet Sluttrapporten etter forprosjektet på Blekjet viser...

Les meir ...

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"