Sundag 22. Juli 2018


 

Fullt hus i Fitjar Bedehus i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein velsigna festkveld

Kveldens mimrekonsert over Fitjarkvartetten og Lars K. Vik sine songar i går kveld vart ein skikkeleg oppbyggjeleg festkveld krydra med nostalgi og lun humor.

Kvelden fekk fram både Rasmus Rydland si fantastiske stemme, rikdomen i Lars K. Vik si dikting og æra gjekk til Han som gjer at me lever, rører og er til, som det heiter i Skrifta.

Først ut var Fitjar Musikkforeining med kraftfull og signerik song. Underteikna har høyrt mange musikklag rundt om i landet og kan trygt seie at Fitjar Musikkforening er ei av dei verkeleg gode. Song frå hjarte til hjarte. Trygt dirigert av Trygve Eiken.

Fitjar Musikkforening. 

Deretter var det Arve Rydland sin tur, åleine. Ei Bømladame (Rannveig Rolfsnes) gav ein gong ein tekst til Rasmus Rydland som Rasmus så sette melodi til. Spennande. Og å sjå på Arve i dag er jo mest som å sjå Rasmus sjølv, og mykje av den flotte stemma har han og arva. Ein musikalitet som me og finn igjen hos Harald og Tom, som og deltok denne kvelden, på forskjellig vis. Tom på song. Harald som musikar.

Arve Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Musikarar:  Heine Helland (bass), Terje Træet (trommer) og Svein Torquist (piano og arrangør). Foto: Håkon C. Hartvedt

På programmet stod og Osternes Mannskor. Tidlegare har dei med stor suksess øvd inn ein av Lars K. Vik sine julesongar. No var me spente på korleis dei ville presentere andre av Vik sine songar. Og me vart ikkje skuffa. Flotte arrangement laga av Svein Tørnquist og inderleg og vakkert sunge. Flott var det og at dirigent Ole Christian Ottestad let saxofonen sin få spele med på nokre av songane. Vakkert som alltid. Det same kan me seia om Fitjar ad Hoc.
Annleis, men fin framføring av Lars K. Vik - songar.

Osternes Mannskor gav fine framføringar av Lars K. Vik sine songar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ole Christian Ottestad på sax. Foto: Håkon C. Hartvedt

F.v. Tom Rydland, Gurid Refvik og Martin Hatlevik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarbrørne er Fitjarkvartetten sin arvtakar. Musikken er som før, og formidlinga er i same stil som Rasmus. Ekte og frå hjartet. F. v. Trygve Eiken, Kjell Haukefær, Lars K. Vik (med gitaren sin frå 1957), Rasmus Fitjar, Johnny Aase og Geir Vik.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Eit artig innslag stod Harald Johan Sandvik for. Han hadde kome i kontakt med mannen som selde det første el. orgelet til Fitjarkvartetten, og fortalde levande om korleis sjømannen Emmanuel Olsen hadde kjøpt instrumentet ute og om korleis det gjekk til at Rasmus Fitjar i Fitjarkvartetten kunne ta det i bruk. Eit instrument som og vart med over fjellet då Fitjarkvartetten spelte inn ei EP-plate i Arne Bendiksens studio i Oslo i 1970. 

– Fekk latteren fram
Det var elles Lars K. Vik sjølv som fekk latteren fram i forsamling. Ikkje uventa det. Lars er ikkje berre ein flott diktar. Han er òg ein stor humorist.
Han fortalde om mangt og mykje av opplevingar med kvartetten, og slutta med eit minne fra Gilje bedehus.

På ein fest i bedehuset der var det bordkonkurranse. Dei skulle skriva ein tekst til oppgjeve melodi og to ord som måtte vera med. Lars sitt bord fekk melodien «At far min kunne gjera» og orda slips og gjest. Og etter mykje lått og løye og felles forslag framførte Lars dette diktet:

Alt far min kunne gjera, det var å knyta slips.
Han hadde eit med brunost på og eit med sylta rips.
Da eine var til kvardags, da andre var til best.
Men begge tok han på seg kvar gong det kom ein gjest.
Men ein gong vart han galen, han ikkje slipset fant,
for han sku klyppa smalen og smaleføta bandt.
Då treiv han til geværet og skaut i -hytt - ein ver-
så slipset for til luktars, og aldri meir kom ner.

Var det latter når diktet vart framført første gong, vart det ikkje mindre i går kveld.

Mannen bak dei mange, flotte tekstane, Lars K. Vik, fekk latteren fram. Om kvelden elles seier han: – Veldig flott.
Eg kjenner meg velsigna og glad! Foto: Håkon C. Hartvedt

Alt i alt ein velsigna festkveld som eit fullsett Fitjar Bedehus (300 personar) fekk med seg, lunt leia av Rasmus Fitjar.

«Finalen». Alle aktørane på plattforma og framføring av «Vi skal fara bortom månen» av Carl Øst. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse