Laurdag 16. Desember 2017



Ole Bergesen har frose mykje til ære for Fitjar-fotballen, men her kan han til si store glede sjå at det nærmar seg gull for Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland. 

Tøffe tak i vintercupen

Dei fusjonerte laga Kalveid/Vestbøstad i dameklassen og Bakken/Sentrum i herreklassen vann finalane i årets vintercup, som blei avvikla i like surt vêr som vanleg. 


Vintercupen blei avvikla i like surt vêr som vanleg, men litt meir sensasjonelt var det at Bakken var representert i begge finalane. I dameklassen stilte dei eit lag som var fusjonert med Havn, og i herreklassen var Bakken i lag med Sentrum. – Dette er historisk, at Bakken er med i begge finalane! sa ein frostig, men glad Ole Bergesen, då det drog seg til mot avslutning av årets vintercup på Fitjar.



Målscorar Eldrid Myrvang Simonsen og Tone jublar for siger i damefinalen. Foto: Kjetil Rydland. 


Så langt hadde Vintercupen gått greitt for seg utan alvorlege skadar. Diverre fekk me ein stygg kneskade i damefinalen, men det er ikkje avklart enno kor alvorleg den er. Finalen mellom Kalveid/Vestbøstad og Bakken/Havn såg ut til å gå mot straffekonkurranse, då Eldrid Myrvang Simonsen avgjorde for Kalveid/Vestbøstad heilt mot slutten.  

 


Vinnarlaget frå Kalveid/Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

 

I herrefinalen møttest det fusjonerte Bakken/Sentrum og Storavatnet junior. At sistnemnde skulle utvikla seg til eit storlag, slik me har sett dei siste åra, er òg ein aldri så liten sensasjon for oss som har vore med ei stund. I dei første åra utmerkte nok Storavatnet seg med ein litt meir sosial profil, som ikkje gav seg utslag på resultatlista. 



Vinnarlaget i herreklassen: Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland.


I dei seinare åra har den sportslege profilen blitt meir reindyrka, og eit sterkt fokusert lag frå Storavatnet jr. sikta seg inn på finalesiger. Men Helge Træet blei litt for stor og sterk i dei sure sludd- og haglbyene i finalen. Veteranen gav laget sitt både 1-0 og 2-0 før unge Nabeel Mese la på til 3-0. Motstandarane kom likevel tilbake og reduserte to gonger, ved Marius H., Storebø og Mats Vestvik. Men på slutten dømte den stødige finaledommaren Roald M. Nilsen straffe til Bakken/Sentrum. Dermed kunne Helge Træet avgjera finalen for laget sitt med si tredje finalescoring.


Avslutninga av kampen blei litt skjemt av tilløp til slåstkamp, og velfortent utvising. Det var tydeleg at temperaturen mellom øyro var høgare enn på utsida. 

 
Men Bakken/Sentrum drog i land ein velfortent 4-2-siger. Me gratulerer arrangementsansvarleg Rune Brakedal, fotballgruppa i Fitjar IL og vinnarane med flott innsats. I løpet av helga vil me koma tilbake med fleire bilete. 

 


Herrefinalen markerte ei sur, men dramatisk avslutning på årets vintercup. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Treng nye Fitjar-kompisar

14.12.2017 Kjetil Rydland

Gode Fitjar-kompisar på fest, Ellen Rolfsnes og Alaa Alshaer. Foto: Helga Rimmereid.  Treng nye Fitjar-kompisar Over nyåret vil biblioteket og Fitjar Frivilligsentral gjennomføra ein ny runde med Fitjar-kompis, møte mellom innfødde fitjarbuar...

Les meir ...

Gratis strøsand

13.12.2017 Håkon C

Illustrasjonsfoto: Stockphoto Gratis strøsand Fitjar kommune melder at eldre og rørslehemma i Fitjar kan få gratis strøsand av kommunen.

Les meir ...

Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd

13.12.2017 Håkon C

Sigrid Fangel. Den nye soknerådsleiaren er og ein svært dyktig opplesar. Her les ho i samband med ei utstillingsopning i Galleri Losjen. Arkivfoto: FP/HCH Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd På...

Les meir ...
annonse
annonse

Kjekk tradisjon for store og små

13.12.2017 Håkon C

Kjekk tradisjon for store og små Lucia: Lily Olava Thomassen, gut: Johannes Sørfonn Foto: Bakken Barnehage    Luciadagen gjekk såvisst ikkje upåakta hen i Bakken Barnehage i dag.

Les meir ...

Juletre ved Joker Rydland

13.12.2017 Kjetil Rydland

  Reidun Heradstveit blei den første juletrekunden hos 4H i år. Foto: Kjetil Rydland. Juletre ved Joker Rydland  Øvrebygda 4H held oppe tradisjonen, og sel juletre ved Filialen på Rydland.

Les meir ...

Språkkafé med variert meny

13.12.2017 Kjetil Rydland

Nazret, Asiya og Azeb kosa seg på språkkafé med Anne Marie Røed. Foto: Kjetil Rydland.  Språkkafé med variert meny I går var det språkkafé på Fitjar folkebibliotek for siste gong før jul...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lærte å lesa rekneskap

14.12.2017 Kjetil Rydland

Rådgjevar Kjell Larsen i Tveit Regnskap viser med døme korleis ein kan lesa viktige opplysningar ut av rekneskapen. Foto: Kjetil Rydland. Lærte å lesa rekneskap Eit tjuetals næringsdrivande og andre med ulik...

Les meir ...
Viggo
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no