Sundag 22. Juli 2018



Under ferjeturen heim kunne Fitjar skulekorps jubla over gode resultat under årets Sotrafestival. Foto: Helga Rimmereid

Heim med tre pokalar

Fitjar skulekorps kom heim med heile tre pokalar etter korpskonkurransen Sotrafestivalen, laurdag 18. november; Ein første plass, ein solistpris og ein andre plass i solistkonkurransen. 

Sotrafestivalen er ein av dei største korpsfestivalane i Hordaland og årets festival var den 29. i rekkja. Det er sju år sidan Fitjar skulekorps med sin dirigent Svein Roger Koppang var med i denne korpskonkurransen første gong, og i år stilte dei i 2. divisjon for brass-skulekorps. På konsertprogrammet stod Procession of the Sorcerers av Robert Buckley, Tuba Tapestry  av Michael Brand og til slutt Road to Run av Paul Lovatt-Cooper. Dei unge musikantane, som er i alderen 8 til 19 år, har hatt ein god oppkøyringsperiode og framstod både rolege og trygge då dei entra konkurransescenen på Fjell ungdomsskule. Domarar var Bjørn Breistein og Sindre Dahlhaug, og sidan dette er ein underhaldningskonkurranse skulle dei gje poeng både for det musikalske og for programmet.


Fitjar skulekorps på scenen under Sotrafestivalen 2017. Foto: Helga Rimmereid

Viss dei ikkje vinn no, då har ikkje domarane peiling på musikk, kom det spontant frå ein ung, ihuga supporter etter at applausen etter siste nummer hadde lagt seg. Heldigvis har domarane stor  musikalsk kompetanse, og ved å gje Fitjar skulekorps 93 poeng for det musikalske og 7 poeng for programmet synte dei at dei var svært nøgde med det dei høyrde. 

-Ei imponerande konsertframføring, der de syner rytmisk driv, energi og speleglede, som er veldig smittande på publikum, var domar Dalhaug sin konklusjon.
-Fantastisk energi, trøkk og overskot, og eit imponerande nivå med så mange unge, sa Breistein i sin sluttkommentar til korpset.
Begge domarane trakk og fram den gode trøkken som midten av korpset (horn og baryton) stod for, i tillegg til at dei meinte at korpset hadde god balanse og dynamikk og at alle gruppene i korpset leverte med flott driv, god karakter og energi. Det var så godt som berre lovord å høyra, med andre ord.

Totalt 100 poeng haldt til ein klar siger. På andre plass kom Kronengen skoles musikkorps med 98 poeng (90 poeng for det musikalske og 8 poeng for programmet). Tysnes skulekorps kom på 6. plass med 92 poeng. 


Kristian Prestbø med tubasolo på Tuba tapestry. Foto: Helga Rimmereid

For Fitjar sin del enda det ikkje der. Tuba tapestry, som var det andre nummeret korpset spelte, er eit solostykke for ess-bass og korps. Det var 17-årige Kristian Prestbø som stod for tuba-soloen. "Wow! En modenhet, et teknisk overskudd og musikalsk feeling man sjelden ser i skolekorps. Praktfull formidling, Bravissimo! Lekreste tubaspillet jeg har hørt på lenge", stod det å lesa om soloen til Kristian i tilbakemeldinga frå domar Breistein, som sjølv spelar euphonium. Domarkollega Dahlhaug var einig, og oppsummerte framføringa som smakfull. Domarane vart så imponert over Fitjar sin tubaist at dei vurderte han som den aller beste av alle dei gode solistane i andre divisjon, og han stakk dermed av med den gjeve solistprisen. 


Sebastian Lie Koppang deltok i solistkonkurransen. Foto: Privat

Men heller ikkje der enda det for Fitjar skulekorps. Den unge kornettisten Sebastian Lie Koppang, som sit på kornett-bakrekka i skulekorpset, stilte opp i 9-11 årsklassen i solistkonkurransen, som og er ein del av Sotrafestivalen. Der stod han heilt åleine på scenen og framførde Muppet Show og Colours of the wind. Det haldt til ein strålande flott 2. plass, til stor jubel frå resten av korpset.


Sahra Lie Koppang og Alice Rose Mehammer tok imot 1. prisen på vegne av Fitjar skulekorps. Foto: Armelyn Mehammer

Rommetveit skulekorps var og med på Sotrafestivalen. Dei kom på 1. plass i 3. divisjon brass, og Langeland skulekorps kom på 3. plass i same klasse. Fullstendig resultatliste frå Sotrafestivalen 2017 kan ein sjå her.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse