Sundag 22. Juli 2018



Biskop Halvor Nordhaug i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland. 

Fitjar kyrkje – eit landemerke!

Fitjarkyrkja hausta mykje rosande omtale under jubileumsgudstenesta søndag føremiddag, då biskop Halvor Nordhaug gjesta kyrkja saman med fleire andre prominente gjester. Om lag 250 soknebarn og gjester fann vegen til kyrkja, og etterpå blei dei fleste med på bedehuset, der det vanka middag og kaker.

 

Fitjar kyrkje har fått nytt orgel til 150-årsjubileet, og har blitt pussa skikkeleg opp med det same. Og det mangla ikkje på rosande omtale av den flotte kyrkja, verken frå biskop Nordhaug eller dei andre som hadde ordet under gudstenesta og på festmiddagen i Fitjar bedehus etterpå. Dei ulike talarane lét heller ikkje vera å nemna at til kyrkja hører òg eit innhald, nemleg alle menneska som høyrer til her, Fitjar kyrkjelyd. Og medarbeidarar i alle tenkjelege funksjonar fekk velfortent ros for arbeidet sitt i kyrkjelyden.



Ordførar Wenche Tislevoll med fem prestar utanfor kyrkja, f.v. Fridleif Lydersen, Roald Drønen, Herman Inge Aadland, prost Svein Arne Theodorsen og Olav J. Oma. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Etter at dagens klokkar, Harald Johan Sandvik, hadde ønskt velkomen, toga heile fem prestar inn i kyrkja, bak unge Mads Mikal Drønen og Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug. I prosesjonen var også prost Svein Arne Theodorsen, saman med sokneprest Olav Johannes Oma, kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen og dei to tidlegare Fitjar-prestane Roald Drønen og Herman Inge Aadland.

 

Biskopen var full av lovord over kyrkjebygget, som han slo fast var det viktigaste bygget i Fitjar! 

 

Med lun humor og djupt alvor talte han over Markusevangeliet 4,35-41, der Jesus stiller stormen. Han minte om at disiplane til Jesus ikkje visste at dei var midt i Markusevangeliet då dei var ute i storm på Genesaretsjøen. Dei var midt i stormen, og dei var redde. Biskopen nytta høvet til eit lite oppgjer med predikantane som proklamerer siger, berre du trur nok, som han uttrykte det.

 

– Stormen legger seg ikke alltid, minte Nordhaug om, hvorfor svarte ikke Jesus på mitt rop? Vi må snakka sant om stormen som ikke stilner, men vi må likevel snakke om Jesus. 

 

Gudstenesta blei ei vakker oppleving, ikkje minst på grunn av innsatsen til Fitjar kyrkjekor og Elisabeth Moldestad, som song til akkompagnement av kantor Jan Overweg.

 

Dei fleste som var i kyrkja, hadde lyst å vera meir saman, og blei med opp i bedehuset etter gudstenesta. Over 150 svoltne kyrkjefolk fekk servert den nydelegaste betasuppa, kokt av Petter Hoff. Og kakebordet var ikkje mykje dårlegare. 

 

Kyrkjekoret innleidde samværet i bedehuset med ein feiande flott versjon av «Oh, happy day». Soknerådsleiar Helga Aadland ønskte velkomen til bords, og nytta høvet til å takka biskop, ordførar, prestar, frivillige – ja, heile kyrkjelyden. Me fekk talar ved noverande fellesrådsleiar – og kyrkjetenar i 19 år – Rasmus Fitjar, tidlegare sokneprest Herman Inge Aadland, biskop Halvor Nordhaug og Wenche Tislevoll. 

 

Ordføraren vår uttrykte stor glede over at ho får vera ordførar i denne tida. Ho slo fast at kyrkja er det viktigaste bygget i Fitjar – ikkje berre fordi biskopen sa det! Ho hadde og ei overrasking på lur. På siste møtet i formannskapet blei det løyvt 100 000 kroner til det nye kyrkjeorgelet. Dermed er finansieringa nærmast fullført, og ein fornøgd innsamlingsleiar, Nils Ingmar Hageberg, kunne ta imot ein symbolsk sjekk.

 

Sokneprest Olav Oma gratulerte møtelyden med dagen – og la ikkje skjul på at han er heldig som får vera prest i Fitjar. Han nytta høvet til å takka alle som gjer ein innsats i kyrkjelyden. Prost Svein Arne Theodorsen lyste velsigninga før festlyden avslutta samværet med å syngja «Gjem gjem nu guds ord i ditt hjerte og sinn ... »



Fitjar kyrkjekor og kantor Jan Overweg med vellyd frå galleriet. Foto: Kjetil Rydland. 



Soknerådsleiar Helga Olsen Aadland ønskje velkomen til festleg samvær på bedehuset. Foto: Kjetil Rydland.

 


Unge Eirin Oma spelar ein melodi frå «Schindlers liste». Foto: Kjetil Rydland. 



 


Josefine Brenne er meir enn klar til å gå laus på kakebordet. Foto: Kjetil Rydland. 



Kyrkjelyden avsluttar samværet med å syngja «Gjem gjem nu guds ord i ditt hjerte og sinn ... » Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse