Laurdag 24. Februar 2018



Frida Hatlevik Kjerland jublar saman med lagveninnene sine i Twist etter finalesigeren. Foto: Kjetil Rydland. 

Harde tak under MX Hummel Cup

Under avslutninga av årets MX Hummel Cup laurdag ettermiddag fekk fjorårsvinnar Pokerstars stryk i den gjævaste finalen, der Sleivdal gjekk heilt til topps. Open klasse for herrar blei vunnen av DDR frå Stord, medan unge Twist vann dameklassen.

 

Me fekk fleire litt overraskande, men fullt fortente finalesigrar i årets innecup på Fitjar, MX Hummel Cup. 


Årets vinnarlag i eliteklassen for herrar såg lenge ut til å vera ute. Midt i semifinalen, mot Arnsteins, låg dei under 0-3, men utruleg nok greidde dei å snu kampen, og gå til finalen med 4-3. I den fartsfylte finalen mot fjorårsvinnarane Pokerstars viste dei lettbeinte sleivdølane seg eit strå kvassare. Dei vann på stor fart og betre bevegelse enn dei litt tyngre motstandarane sine. Også her låg dei lenge under, men mot slutten av kampen fekk dei inn dei to avgjerande mål, som gav 3-2-siger. Målcsorarar for Sleivdal var Mats Vestvik, Heine Storevik og Kristoffer Kleven.



Sleivdal jublar for siger i eliteklassen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Litt meir nøktern stemning plant Pokerstars, f.v. Oddgeir Træet, André Helland og Leif Erik Laukhammer. Foto: Kjetil Rydland. 


I dameklassen blei det ein jamn finale mellom to unge lag, Twist og Godfoten. I år fekk me eit nytt prov på at ungdommen har teke over denne klassen. Ailin Vik greidde ikkje å gjenta suksessen frå i fjor, då ho gjekk heilt til topps med Nederlaget. I år var ho lagleiar for Godfoten, som spela uavgjort 2-2 mot Twist i finalen. Straffekonkurransen vannTwist etter mykje dramatikk, etter at keeperane hadde teke kvar sin straffe for dei to laga. Dermed kunne ein annan ung lagleiar, Frida Hatlevik Kjerland, heva pokalen for Twist. 



Kjetil Østrem og DDR tek med seg pokalen frå open klasse heim til Vikjo. Foto: Kjetil Rydland. 


I open klasse stilte lagleiar Vegard Hatlevik i mål for overraskingslaget KYS, som gjekk heilt til finalen. Men her blei det litt for tungt for den eminente handballspelaren vår. Etter scoringar av Røyrane, Haukefær, Fosse og Østrem, blei det ein klar siger til DDR frå Stord. 

 
Rune Brakedal i arrangementskomiteen fortel om eit knirkefritt arrangement, utan dei store skadane. Saman med Ole Bergesen klarte han igjen å avvikla kampane nesten på sekundet til oppsett tid. Takka vere god hjelp av Emil Sørfonn, Roald M. Nilsen, Geir Bjarte Hatlevik, Åsmund Sørfonn og ein gjeng rutinerte dommarar. 


Som vanleg fortener fotballfolket ros for profesjonell gjennomføring av ei populær turnering.

 


Godt med folk og stor stemning under elitefinalen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Keeper Jacob Mehammer berga bronse for Los Granjeros. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kevin René Gustavsson måtte nøya seg med siger i B-finalen, der Advantec slo Haugesund futsal. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Veteranen Jon André Røyrane viser seg altfor kjapp for unge Fredrik Skjerve Jensen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Carsten Rasmussen bergar dagen for Jokers, Foto: Kjetil Rydland. 

 


Finn Ingvar Havnerås fekk æra av å dømma begge herrefinalane. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...

Fjellsameiga ventar med vidare dyrking p…

21.02.2018 Kjetil Rydland

Her set Helga Rimmereid i Fitjar fjellsameige gravemaskinskuffa i den gode jorda på Blekjet, i byrjinga av oktober 2016. Foto: FP-arkiv/KR. Fjellsameiga ventar med vidare dyrking på Blekjet Sluttrapporten etter forprosjektet på Blekjet viser...

Les meir ...

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"