Laurdag 24. Februar 2018



Marius Pedersen på sigerspallen i Leikvanghallen i helga. Foto: Bård Inge Bø. 

Flott innsats i Pingvinleikane

Åtte unge friidrettsungdommar frå Fitjar har vore med i Pingvinleikane i Åsane denne helga, og kan sjå tilbake på ei rekkje gode resultat. Marius Pedersen tok heile tre førsteplassar. 

 

Som vanleg når Fitjar IL er representert i friidrett, får me rapportar om fin innsats og fine prestasjonar. Så også denne gongen; i helga har dei ivrige friidrettsfolka våre delteke i Pingvinleikane i Leikvanghallen i Åsane. 

 

Også denne gongen var det Marius Pedersen i elleveårsklassen som fekk mest å jubla for. Heile tre førsteplassar blei det i Bergen. På søndagens 200 meter fekk han tida 29,74 og var over eit sekund føre nestemann. Laurdag vann han 60 meter på 9,01 og 600 meter på 1.56. I lengde sette han pers med 4,21 meter, og var berre to cm bak vinnaren.



Marius Pedersen i startblokkene på 200 meter. Foto: Bård Inge Bø. 


Dei sju andre Fitjar-ungdommane kan og syna til fine resultat. Johannes Sandvik Bø (12) fekk til eit fint korthekkløp som gav 5.-plass med tida 11,37. Og ein endå sterkare 200 meter på 30,29, som gav han 4.-plass blant heile 24 startande. 

Halvor Aga (13) gjennomførte ein flott 1500 meter med pers på 5.28 meter. Anna Sandvik Bø (14) sette ein etterlengta pers i høgde med 1,40. Bjart Sandvik Bø (11) sette også pers på 200 meter med tre sekund. Den nye persen lyder på 35,32.

Søskenflokken Torbjørnsen viste spenst og kraft. Tori (9) støytte kule, Marius (15) viser stabilitet med 1,50 i høgde og 4,51 i lengde, og Eirik (13) sprang inn til ein fin pers på 60 meter hekk på 12,25, før han fekk opp eit lengdesprang på 4,03 meter.

Fullstendige resultat finn du på heimesida Pingvinlekene

http://www.gneist.org/pingvinlekene/resultater/

 


Johannes får premie for sin 200 meter. Foto: Bård Inge Bø. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...

Fjellsameiga ventar med vidare dyrking p…

21.02.2018 Kjetil Rydland

Her set Helga Rimmereid i Fitjar fjellsameige gravemaskinskuffa i den gode jorda på Blekjet, i byrjinga av oktober 2016. Foto: FP-arkiv/KR. Fjellsameiga ventar med vidare dyrking på Blekjet Sluttrapporten etter forprosjektet på Blekjet viser...

Les meir ...

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"