Sundag 20. Mai 2018


Ordføraren ber om utbetring av vegen mot Vestbøstad

Terje Vestvik og ordførar Wenche Tislevoll er uroa over trafikktryggleiken på vegen mellom Fitjar og Vestbøstad, grunna manglande vedlikehald.

– Du har sikkert sett det sjølv, men vegen frå Fitjar sentrum til Reino er i svært dårleg forfatning. Seinast i helga var det nesteulukker der folk køyrer midt i vegen for å unngå slaghull i midten. Asfalten er i ferd med å gå i oppløysing, og klatting har det vore nok av.

Dette skriv Terje Vestvik i ein epost til ordførar Wenche Tislevoll. Han reagerer på lovnadar om utbetring av vegen som går heilt tilbake til 90-talet, utan at særleg mykje er gjort.

– Det vert sagt i -96, trur eg det var, at dette var eit midlertidig penetreringsdekke og at nytt dekke skule koma snart. Ein kan konkludere med at ordet «midlertidig» her er minst 22 år.

Ordføraren støttar hjartesukket frå Vestvik, og har sendt det vidare til Statens Vegvesen.

– Det er til dels så store hôl at det kan vere risikofylt å køyra opp i dei. Utan noko stor kjennskap til vegvedlikehald vil eg tru at deler av denne strekninga må gjerast nyasfaltering og ikkje berre lapping. Håpar dette blir ordna opp i snarast råd, skriv ordføraren.

Ho trekkjer også fram at det er svært dårleg dekke på vegstrekket mellom Breivik og Årskog på fylkesveg 545.

– Her er det ikkje berre djupe spor, men store slaghôl. Me har også lenge jobba lenge for å få på plass fartsdump i sentrum mot Vestbøstad for å få kontroll på farten gjennom sentrum, utan å lukkast.

Harald Midtun i Statens Vegvesen kan ikkje love noko umiddelbar utbetring til ordføaren.

– Det er gitt signalar om auka ramme, og då vil denne vegen bli med når me prioriterar for tillegsløyvinga. Me kan likevel ikkje love 100 % at den får nytt dekke i år, fordi det er ca. 1500 kilometer med fylkesveg som er i same situasjon.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...
annonse

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...

Tradisjonell og stemningsfull gudstenest…

17.05.2018 Kjetil Rydland

Osternes Mannskor song «Når fjordene blåner» i Fitjar kyrkje i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Tradisjonell og stemningsfull gudsteneste Osternes Mannskor skapte den rette stemninga i kyrkja i år òg, då dei endå ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...
annonse