Sundag 20. Mai 2018



Halvard Wiik, Per Audun Kloster og Toralv Røen ved Mølle 1 etter gårsdagens innsats på fjellet. Foto: Kjetil Rydland. 

Nye skilt i Fitjarfjellet

I går plasserte Toralv Røen og dei ivrigaste hjelparane hans ut dei første av ein heil stabel nye skilt som skal gjera det lettare å finna fram i Fitjarfjellet.

 

I går kom ein liten dugnadsgjeng i gang med å transportera ut og montera nye turskilt i Fitjarfjellet. Skiltprosjektet er ei forlenging av arbeidet med det nye turkartet som Stord Fitjar Turlag fekk laga i fjor, og eit arbeid med å merkja stiar inn og ut av vindmølleparken i Midtfjellet, og i området rundt Kidno.

På Fitjar-sida har Toralv Røen og Per Audun Kloster stått i fremste rekkje i arbeidet med kartet, og merkinga av stiane. Etter kvart har dei fått med seg ein solid dugnadsgjeng som har vore med på jobben ute i terrenget. Men dei to spreke pensjonistane kviler ikkje, og no er dei i full gang med å få ut turskilt. 

Dette blir tredje delen av ei større oppgradering av Fitjarfjellet som turmål også for folk som ikkje er lokalkjende. Fitjar kommune, Fitjar fjellsameige, Midtfjellet Vindkraft, Gjensidigestiftelsen og Stord Fitjar Turlag er alle med og støttar prosjektet økonomisk.

Til denne merkinga har det blitt laga over 100 namneskilt som skal ut i terrenget. Det er eit heilt puslespel å få dette inn i eit oversiktleg system. Her har Anne Kathe Helle gjort ein formidabel jobb, som lettar arbeidet for Toralv Røen og medhjelparane hans. 

I går fekk den vesle dugnadsgjengen plassert ut skilt ved Svartavatnet, Midtvatnet og Mølle 1, men det står att om lag 100 skilt. Alt dette bør ut snart, og dei som har lyst å vera med på jobben er velkomne til å ta kontakt med anten Toralv Røen eller Per Audun Kloster. Dei treng  hovudsakleg hjelp til å bera stolpar ut i terrenget.


Per Audun Kloster og Toralv Røen sit utanfor gapahuken og studerer kart og annan dokumentasjon. Foto: Kjetil Rydland.

 


Vater må til, meiner Per Audun Kloster t.v. og Toralv Røen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Halvard Wiik t.h. har vakse opp med hesjing, og har ei stødig hand både om spettet og sleggja. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Halvard Wiik legg steinane skikkeleg på plass i utløpet av Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Blømande kvitlyng og anna fint kan me studera som har tid og auga for slikt. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...
annonse

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...

Tradisjonell og stemningsfull gudstenest…

17.05.2018 Kjetil Rydland

Osternes Mannskor song «Når fjordene blåner» i Fitjar kyrkje i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Tradisjonell og stemningsfull gudsteneste Osternes Mannskor skapte den rette stemninga i kyrkja i år òg, då dei endå ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...
annonse