Torsdag 21. Juni 2018


Fitjar-skulane hadde vore redda dersom det hadde vore éin kommune på øya. Dette seier politikarane no.

Agnar Aarskog (Ap) og Harald Rydland (KrF) var mostandarar mot samanslåinga, og Sigurd André Maraas (Frp) og Wenche Tislevoll (H) støtta samanslåing med Stord. Foto Fitjarposten

I intensjonsavtala om samanslåing mellom Stord og Fitjar var det ein føresetnad at Selevik og Øvrebygda skule skulle bestå. – Dette burde ikkje kome som ei overrasking på nokon, seier ordføraren.

Fitjar kommune skal vedta ny skulebruksplan, og i førre veke vart det klart at rådmannen rår til det mest drastiske alternativet for å sikre ein berekraftig økonomi for kommunen. Det inneber at grendaskulane Selevik og Øvrebygda vert lagt ned.

Men skrur me tida tilbake dryge to år, var framtida til desse skulane sikra i intensjonsavtala mellom Stord og Fitjar om kommunesamanslåing. Slik var formuleringa:

Krinsskulane (til dømes Selevik og Øvrebygda) er svært viktige for busetjing og utvikling i bygdene. Skulane skal halda fram som skular for barnetrinna så lengje elevgrunnlaget og det pedagogiske tilbodet vert ivareteke på ein forsvarleg måte.

– Jobba hardt for garantien

Sigurd André Maraas (Frp) meiner den føreslåtte skulenedlegginga ikkje burde kome som ei overrasking på nokon av mostandarane til ei samanslåing med Stord.

– Som positiv til samanslåinga jobba eg hardt for å få garantien om at desse skulane skulle bestå inn i intensjonsavtala med Stord. Det er ikkje så mykje meir å seie. Det me ser jo er jo ein direkte konsekvens av det.

– Dette burde ikkje kome som ei overrasking på nokre politikarar. Dette var førehandsvarsla, seier Maraas.

Maraas meiner det var så mykje kjensler under den oppheta debatten om kommunesamanslåing at folk ikkje ville innsjå realitetane om at konsekvensane ville bli ein situasjon med mykje trongare økonomi.

– Eg trur folk har ein tendens til å tenkje at «dette går berre greitt». Det har jo alltid gått greitt, så kvifor skal det ikkje gjere det denne gongen òg? Folk stikker hovudet i sanden og tenkjer at dette går over.

Maraas fryktar no framtida til Øvrebygda og Dåfjorden som bygdesamfunn dersom skulenedlegginga blir ein realitet.

– Eg er bekymra for bygdene sitt ve og vel. Men i akkurat denne saka meiner eg ikkje bør handle om pengar men om kva type skulestruktur me skal ha.

Wenche Tislevoll, Foto: Fitjar kommune

Eit venta utfall

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) er samd med Maraas i at innbyggjarane burde ha venta eit slikt utfall då dei røysta nei til samanslåinga.

– Det var jo dette me såg ville kome, at me ville tape i inntektssystemet som frivillig liten kommune. Det er akkurat dette me er midt oppe i no. Me får sviktande inntekter som medfører at me må gjere grep. Me har så krevjande økonomiske utsikter at me ikkje kan la det vere slik det er i dag.

– Eg tenkjer at sidan innbyggjarane røysta slik dei gjorde, så vonar eg at det var dette dei såg ville kome og at dette er konsekvensane av valet som vart gjort.

Tislevoll seier at noko av det viktigaste som vart jobba fram i intensjonsavtala var nettopp å sikre ei framtid for Selevik og Øvrebygda skule.

– Det var faktisk ein kamp om å få behalde krinsskulane freda i eit visst tal år. Det var ein viktig del av denne intensjonsavtala, seier ordføraren.

Grensejustering

Tysdag hadde Utval for utdanning og omsorg møte, der dei la skulebruksplanen ut på høyring. Tislevoll fortel at det då vart diskutert at ein mogleg konsekvens av skulenedlegginga kan vere at innbyggjarane i Dåfjorden vil søkje seg over til Stord kommune for å kunna sende ungane til Sagvåg skule, som ligg mykje nærmare enn Rimbareid skule.

I så fall vil innbyggjartalet i Stord kommune auke til over 19.000 og i Fitjar kanskje bikke under under 3000.

– Det er jo eit alternativ at det kan bli ein konsekvens at det kanskje kan bli ei grensejustering. Eg veit ikkje dei økonomiske konsekvensane av dette, det er jo inntekter og utgifter knytt til alle innbyggjarar. For meg er det viktig at det å bygge det nye og sterke Fitjar er i framgrunnen.

Avviser ikkje ny samanslåingsdebatt

Tislevoll og Maraas var som kjend støttande til kommunesamanslåing med Stord. Agnar Aarskog (Ap) var derimot ein av motstandarane. No erkjenner han at det kan bli utfordrande for Fitjar å stå på eigne bein dersom rammevilkåra frå regjeringa vil halde fram med å slå dårleg ut for små kommunar.Avviser ikkje ny samanslåingsdebatt

– Eg skjønar problemstillinga, og det er klart at dette med denne intensjonsavtala kan vere relevant å ta opp i samband med skulebruksplanen. Samtidig låg det jo ein del andre ting i denne avtala som ikkje var like bra for Fitjar.

– Viss det er slik at regjeringa vil halde fram med å knipe inn for dei små kommunane i fortsetjinga, så er det jo klart at eg då synest at ting kan bli annleis. Og då må me vere open for å tilpasse oss det, seier Aarskog.

– Jau, då er alle korta i spel dersom det blir slik at me vil tvungen til det reint økonomisk. Men eg har ikkje heilt trua på det. Målet mitt er at Fitjar skal vere éin kommune, og det er det me jobbar etter.– Betyr det at du ikkje er avvisande til ein ny debatt om samanslåing med Stord?

Aarskog seier han så langt ikkje har sett seg godt nok inn i detaljane i skulebruksplanen til å meine noko om utfallet, men seier på generelt grunnlag at slike framlegg ofte er meir pessimistiske enn korleis realitetane blir.

– Det er nok ofte slik at dette er ein underdimensjonering av inntektene og ein litt overdriving på utgiftssida, utan at eg kan bevise det akkurat no. Det er jo nokre år fram i tid dette her, og om ein må ta så hardt i som dei føreslår vil eg sjå nærmare på etter kvar.t Men det er jo ikkje tvil om at det er rimeleg heftige kutt me må gjere.

– Ikkje eit juridisk dokument

Ein av dei andre motstandarane i debatten, Harald Rydland (Krf), meiner ikkje punktet om skulane i intensjonsavtala hadde vore nokon garanti for at skulane ville bestå.

– Me snakka mykje om kor lite ein burde stole på denne avtala. Intensjonsavtala var ei politisk avtale og ikkje eit juridisk dokument. Kipe på pengesekken er det ikkje uvanleg at eit kommunestyre går vekk frå ein slik avtale. Det har me sett fleire dømer på frå andre kommunar.

Rydland trur framlegget frå administrasjonen om å legge ned begge skulane er noko pessimistisk.

– Eg har vore i politikken i 30 år, og eg har sett dette fleire gonger opp gjennom. Det ser ofte veldig svart ut i økonomien, men må eit løye vis ordnar det seg likevel. Det betyr ikkje at eg avdramatisere dette, for eg tek dette på høgste alvor. Det vil me seie meir om til hausten når planen skal bli vedteken, seier Rydland.

Den tidlegare Fitjar-ordføraren står likevel støtt på at valet om å stå på eigne bein var rett for Fitjar.

– Eg angrar ikkje på det me gjorde. Det var mange andre ting som ikkje hadde vore bra for Fitjar i denne avtala. Det er ikkje noko ønskje for min side å ta opp igjen denne debatten no.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse
annonse

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...

Bilcross i Bergen: Første- og andreplass…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Oliver A. Matre og Ailin Vik jublar over topp innsats i Bergen. Foto: Kjetil Rydland.  Bilcross i Bergen: Første- og andreplass til Fitjar Oliver André Matre vann den fjerde runden i bilcross-VM...

Les meir ...

Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Engevik & Tislevoll og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse