Sundag 22. Juli 2018



Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland. 

A-laget slo Stord 2!

Fitjar sitt A-lag kriga seg til ein verdfull 1-0-siger over Stord 2 i den siste vårkampen på heimleg gras fredag kveld. 

 

Fitjarspelarane kjempa det dei var gode for i fredagens seriekamp mot toarlaget til Stord, og det var akkurat nok til å berga alle tre poenga i ein fartsfylt fotballkamp med mykje kroppskontakt og kjefting på dommaren. 

Fitjar tok leiinga etter 13 minutts spel på eit frispark frå nesten 25 meter. Nils Ingard Tislevoll skaut heilt oppe i vinkelen, og ballen spratt ned i målet, akkurat på rett side av streken. Ein god kandidat til årets mål på Fitjar! Heimelaget hadde rimeleg bra kontroll på gjestene sine resten av omgangen, og gjekk til pause med ei fortent 1-0-leiing.

Etter pause blei det noko tøffare for poengfattige og hardt pressa Fitjar. Stord hadde overtaket og kom til mange sjansar, men Fitjar-spelarane kjempa betre enn me har sett på lenge. Dei gjekk inn i kvar einaste duell med liv og lyst, og lyden av anklar og legger som small mot einannan blei berre overdøvyd av kjefting på dommar Kjell Gudvangen.

Etter ein andreomgang på rundt 50 minutt kunne Fitjar-spelarane endeleg sleppa jubelen laus. Siger og tre poeng mot Stord 2 kan bli gull verdt i ein sesong der marginane ikkje akkurat har vore på Fitjar si side. Med like god innsats i resten av sesongen – både i trening og kamp – bør dei etter kvart kunna vinka farvel til botnstriden. 

Kveldens kamp var den siste heimekampen for Fitjar i 5. divisjon i vår; no står berre botnkampen på Halsnøy førstkomande torsdag igjen før ferien. 

 


Sander H. Tverborgvik og Christian Brink gjer sitt beste for å få gult kort, men dommar Kjell Gudvangen vil ikkje ut med fleire. Foto: Kjetil Rydland. 

 

FITJAR – STORD 2: 1-0 (1-0)

Fitjar Idrettspark, fredag 15. juni kl. 20.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland

Publikum: 55

Dommar: Kjell Gudvangen, IL Gneist 

Mål: 13. min. 1-0 Nils Ingard Tislevoll.

Gult kort: Øyvind Fykse Lie og Jonas Yang Tislevoll, Fitjar, Sindre Langeland Vikanes, Stord.

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Svein Arne Jordan Raunholm, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Bernt Ove Maraas, Øyvind Fykse Lie, Jonas Yang Tislevoll, Marius Helland Storebø. Innbytarar med speletid: Lars Fitjar Waage, Daniel Skarpnes og Emil Sæterbø Fitjar. 

 


Marius H. Storebø kjem nesten gjennom Stord-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse