Sundag 22. Juli 2018



Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. 

Ny danselærar med entusiasme!

Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar i dans, og i går presenterte ho seg med brask og bram for elevane ved Rimbareid skule.

 

I løpet av fredag føremiddag gjennomførte den unge danselæraren tre "workshops" med ulike aldersgrupper på skulen. Fitjarposten fekk vera med på den første økta, då Karoline Frederich møtte rundt 100 elevar frå 1. til 3. klasse.


Karoline Frederich – ny danselærar ved Fitjar kulturskule. Foto: Kjetil Rydland. 

Engasjerte 100 elevar på imponerande vis

– Kan det verkeleg gå an å halda 100 ungar "i ånde" i ein heil skuletime – i "fri dressur" i den store gymsalen?

Dette lurte me på førehand og hadde våre tvil. Men danselæraren gjekk til verket med naturleg entusiasme, som tydelegvis smitta over på elevane. Leik og dans til oppvarming og undervisning i enkle dansar engasjerte praktisk talt alle elevane i 45 travle minutt, før ho kunne takka eit imponert lærarkorps for samarbeidet. Og dra pusten, før neste økt, med litt eldre elevar.

Lærarane uttrykte beundring over den flotte jobben, at det gjekk an å engasjera så mange små i ein heil skuletime. Elevane trong me ikkje spørja denne gongen – kroppsspråket talte sitt tydelege språk.

Danselæraren nytta høvet til å gi informasjon med lærarane opp i klassane – i von om at det melder seg elevar til haustens danseundervisning i kulturskulen. Undervisninga blir delt inn etter alder, og er open for barn frå fire år og oppover. Gårsdagens workshop er typisk for det Karoline Frederich har tenkt å driva med til hausten. Det blir mykje teaterdans med kostyme, seier ho. 


Solid bakgrunn frå turn og dans

Den nye danselæraren kjem frå Bergen, men bur for tida på Stord. Ho har toårig artistskule frå Bårdarakademiet, og eittårig musikaldansutdanning frå Bårdar International. Etter utdanninga har ho vore dansar i fleire kjende oppsetjingar, blant anna var ho ape i "Jungelboken" på Chateau Neuf. I vår var ho musikalsk ansvarleg for "Charlie og sjokoladefabrikken", ei oppsetjing i regi av Spinae Company på Stord. Ho har òg dansa i fleire av "Stjernekamp"-sendingane på NRK.

Den 24 år gamle danselæraren har ti års erfaring som idrettsleiar i dans og turn. Ho har vore engasjert i Bergens-klubben Gneist og i Oslo Turnforening. Sjølv har ho konkurrert på høgt nivå i "Gym for life", ein konkurranse for oppvisningstroppar. 

Karoline har 20 % stilling i Fitjar kulturskule samstundes som jobbar med konkurranseutøvarar i Stord turn. Der har ho ansvaret for rekrutt og junior, dvs. aldersgruppa 9 til 18 år. Dei held eit veldig høgt nivå, seier ho. I tillegg til dette har ho planar om å studera ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord. 

No vonar ho elevane synest dette var kjekt, og melder seg på. Etter gårsdagens workshop ser me ikkje bort frå at dans kan få eit oppsving i Fitjar, 

 


Samuel Olsen og Sebastian Olsen fekk med seg så noko lunde alt. Dei vaksne i bakgrunnen ser litt meir nøkterne ut. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Full konsentrasjon på workshop i dans. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse