Sundag 22. Juli 2018



MF "Husavik" i Sandvikvåg i går. Foto: Kjetil Rydland.

Ferja til Austevoll innstilt inntil vidare

Ferjesambandet Husavik–Sandvikvåg er innstilt på grunn av teknisk feil, og selskapet Fjord1 ber publikum nytta alternativ reiserute inntil vidare.

 

Den nye elferja MF "Husavik" starta opp i sambandet sist laurdag, men i går kveld kl. 23.36 melde Fjord1 om teknisk svikt. 

Ferjesambandet har vore innstilt sidan i dag tidleg, og det vil ta litt tid før det er igang att, seier operativ leiar Bjørn Grønbech Barstad i Fjord1 til Fitjarposten.

Folk frå leverandøren av utstyret som har svikta, er på veg. Samstundes prøver dei å få tilbake ferja "Vågsøy", som gjekk i sambandet fram til laurdag, men denne er på eit lite verkstadopphald.

Kor lang tid det vil ta før ferjesambandet er i gang att, kan ikkje Barstad seia sikkert, og han ber publikum finna alternativ reiserute, for biltrafikk er dette om Krokeide–Hufthamar. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse